Deprecated: Function create_function() is deprecated in /home/1/s/snvf/www/media/widgetkit/widgets/lightbox/lightbox.php on line 49
Heim
  • Demo

Stiftarar av Stiftinga Norsk Villaksforvaltning

Føremålet til Stiftinga Norsk Villaksforvaltning(SNVF) er å utvikle ei framtidsretta lakseforvaltning og lakseturisme.

Felles for alle som har vore med å stifta Stiftinga Norsk Villaksforvaltning er at dei har interesse og omtanke for villaksen.

Historikk

Norsk Villaksforvaltning AS vart etablert som eit heileigd dotterselskap av FabelAktiv fiske jakt og naturopplevingar 1.november 2008.

17.desember 2012 vart selskapet omgjort til Stiftinga Norsk Villaksforvaltning(SNVF). Føremålet er å utvikle ei framtidsretta lakseforvaltning og lakseturisme.

Tiltak i elvane

Stiftinga NVF sine tiltak i elvane er basert på eit nært samarbeid mellom lokal kompetanse og relevant forsking med høg kompetanse.

Det er grunneigarar og sportsfiskarar som best veit kva tiltak som vil fungere i eiga elv, men dei treng fagleg støtte. Lokal deltaking er suksessoppskrifta for å skaper eigarskap til prosjekta og entusiasme for villaksen.

Villaksens verdiar

Stiftinga Norsk Villaksforvaltning (SNVF) arbeider for å ivareta villaksen som ein unik art, som i generasjonar har vore viktig for Noreg og dei mange elvedalane våre, for kysten og fjordane.

Lakseelvar som Alta, Lærdal, Namsen og Vosso har gjort dei små lokalsamfunna kjent i inn og utland og skapt viktige verdiar som. Næringsgrunnlag, rekreasjon, naturopplevingar og kulturopplevingar for fastbuande og tilreisande.

Arbeidsmodellen

For å optimalisere arbeidet for villaksen er stiftinga NVF engasjert i villaksens ulike livsfasar. I elvefasen samarbeider vi med elveeigarlag og kraftselskap. I fjordfasen med oppdrettsbransjen og sjølaksefiskarane. I havfasen med kompetansemiljø på havet.

Stiftinga NVF vil saman med dei aktørane som på ulike måtar påverkar villaksen, bidra til samarbeide og koordinert innsats. Gjennom eit godt samarbeid blir det «Meir villaks i elv» og aktørane får styrka sitt omdøm.

Stiftinga Norsk Villaksforvaltning si rolle

Stiftinga NVF er ein praktisk tilretteleggar mellom den offentlege forvaltninga og elveeigarlaga. Vi arbeider på elvekanten og i dei små bygdesamfunna.

Vår oppgåve å sikre optimal produksjon av laksesmolt og lokal næringsutvikling. Dette gjer vi ved å bidra til at elveeigarlaga får auka kompetanse, slik at dei blir betre organisert, flinkare til å samarbeide og vi støttar dei økonomisk.

 
logo80 s

Angedalsveien 18  // 6800 Førde